Bergens Tidende

9. oktober 2017 - 13:55

Statsbudsjettet: Sjå opp for tjuvtriks

Erna Solberg kan gjere mykje rart for å bruke meir pengar, eller late som ho gjer det

Statsminister Erna Solberg lovar at mange vil bli skuffa når ho legg fram statsbudsjettet torsdag. Det er bra. Nøkkeltalet er tre, seier Solberg til Aftenposten. Tre prosent av verdien av oljefondet – handlingsregelen – det er maks ho vil bruke av oljepengar.

Intervjuet i Aftenposten er berre eitt av fleire der ho lovar å stramme inn beltet, etter fire år der underskotet på statsbudsjettet (som blir dekt av oljepengar) har auka med 20 milliardar kroner i året.

Men til glede for alle politiske hedonistar: det er ikkje sikkert at festen er over likevel. Jippi.

For det finst måtar å bruke meir pengar på, utan å bryte handlingsregelen. Og det finst måtar å late som ein brukar pengar på, utan å gjere det. Her er ein del triks og tjuvtriks, som byrjar med dei det er mest truleg å sjå torsdag.

Kor mykje oljepengar regjeringa kan bruke innanfor handlingsregelen er avhengig av storleiken på oljefondet ved utgangen av året. Det kan fort vise seg å bli større enn regjeringa la til grunn i vår. Fredag var marknadsverdien til oljefondet nær 8030 milliardar kroner. Det er om lag det same som Finansdepartementet i mai rekna med at fondet ville vere verdt ved årsskiftet. Og vi har tre månader att av året.

Med normal avkasting (og stabil kronekurs) betyr det at oljefondet vil bli større enn regjeringa la til grunn i revidert nasjonalbudsjett i mai. Der stod det at regjeringa kan bruke åtte milliardar meir av oljepengane neste år, utan å bryte handlingsregelen. Torsdag kan det vise seg at regjeringa kan plusse på endå nokre milliardar.

Dette ville, som eg kjem tilbake til, ikkje vere lurt. Men å makse oljepengebruken kvalifiserar ikkje som tjuvtriks. Noko som derimot kan vere eit tjuvtriks er å auke pengebruken basert på inntekter som kan forsvinne året etter.

I valkampen antyda fleire i regjeringa at dei vil få meir pengar å rutte med i statsbudsjettet fordi det går betre med økonomien, og skatteinntektene difor aukar. Mykje talar for at ein bør vere forsiktig med det. Sjølv om det akkurat no går betre i mange land rundt oss, er oppgangen i eit så oljebasert land som Noreg skjør.

Hausten 2015 demonstrerte Solberg-regjeringa sjølv ein annan variant av å finansiere løpande utgifter med midlertidige inntekter: For å redde budsjettet henta regjeringa ut fem milliardar kroner i utbytte frå Statkraft (over tre år). Dette var pengar Statkraft året før hadde blitt lova å behalde, for å styrke satsinga på vindkraft og i utlandet.

Enkelte meinte regjeringa her òg henta ut oljepengar inn bakvegen. Statkraft hadde året før fått fem milliardar kroner i ekstra eigekapital frå Stortinget. Dette er pengar som ikkje blir rekna med blant utgiftene og inntektene i statsbudsjettet. Dei er «under streken», som det heiter.

Då regjeringa så tok ut ein tilsvarande sum åra etter fekk det Senterpartiets Geir Pollestad til å omtale det heile som «kvitvasking av oljepengar».

Solberg er ikkje den første som tømmer kassa i statsselskap i budsjettinnspurten, men det spørst om ho vil prøve seg på det same ein gong til.

Då er det langt meir truleg at regjeringa vil gje kommunar og andre mindre pengar enn ulike satsingar kostar. Underbudsjettering er eit vanleg triks dei fleste regjeringar tyr til i tronge tider. Eit aktuelt offer for underbudsjettering i årets statsbudsjett kan vere lovnad om fleire lærarar i barneskulen, ei sak KrF brenn for.

Kommunane vil reagere, men regjeringa kan svare med at kommunane bør ha nok gjennom sine frie inntekter.

Ein annan måte å verke handlekraftig på utan å bruke pengar, er å setje i gang store prosjekt, som vegar, med små midlar det første året. Strengt tatt er dette å skyve eit problem framfor seg, men det kan likevel fort bli freistande.

Så byrjar vi å gå inn i territoriet for grovare tjuvtriks, triks eg har vanskeleg for å tru at vi vil sjå frå Solberg-regjeringa. Eit slikt er «under streken»-trikset med å etablere store fond utan at pengane dei deler ut (avkastinga) blir ført «over streken».

Det går òg an å skjule samfunnsutgifter via skattefrådrag. Eit tenkt døme vi neppe vil sjå torsdag: Viss Solberg ville gje Venstre ein siger kunne ho få oljeselskapa til å elektrifisere oljeplattformene på sokkelen, vel vitande om at selskapa ville kunne trekkje 78 prosent av det frå på skatten. Vips, så har staten betalt utan at pengebruken aukar.

Eit triks som skjer i land med svakare styring, men sjeldan i Noreg, er å jukse med sjølve føresetnadene for statsbudsjettet. Budsjettet er ein stor kvalifisert gisseleik om kva statens inntekter og utgifter blir neste år. Her kan det vere freistande å gå for låge anslag for utgifter og høge for inntekter, og såleis gje seg sjølv meir å rutte med.

Norske regjeringar plar å følgje anslaga frå embetsverket i Finansdepartementet. Det ville med andre ord overraske stort om Solberg og finansminister Siv Jensen (Frp) ville gjere noko anna.

Erna Solberg vil trengje mykje kløkt om ho skal overleve dei neste fire åra som statsminister. Då vil det vere eit dårleg trekk å ut kortsiktige pengar eller maks med oljepengar i budsjettet for neste år. Begge deler kan fort gjere budsjettforhandlingane endå vanskelegare i åra etter.

Ifølgje reknestykkja i revidert, kan regjeringa berre auke oljepengebruken med 15 milliardar i heile stortingsperioden. Brukar dei åtte milliardar i 2018-budsjettet må veksten ned til 2–3 milliardar dei tre neste åra. Då kan Solberg verkeleg få bruk for tjuvtriks.

Tilbake

Relaterte nyheter:

17-10-2017 58,2 prosent av strømmen kommer fortsatt fra fossil energi
16-10-2017 Svart energi taper kampen mot vindmøller
16-10-2017 Googles fremtidsforsker: Innen 10 år vil fossile energikilder miste verdien
16-10-2017 Savner satsing på forskning for økt verdiskaping i havet
16-10-2017 Fra oljeselskap til bredt energiselskap
16-10-2017 Prisutvikling elsertifikater uke 41, 2017
11-10-2017 Goldman Sachs ser positivt på offshore vind
09-10-2017 Statoil kaster seg på solbølgen
09-10-2017 Prisutvikling elsertifikater uke 40, 2017
06-10-2017 Slakter IEA-rapport

RSS feed er for tiden ikke tilgjengelig fra leverandør

NVE

  • Product
    Bid
    Ask
    Last
  • Spot
    73
    75
    74
  • March-18
    76
    77
    77
  • March-19
    74
    76
    75
  • March-20
    62
    76
    60.5
  • March-21
    47
    45.5
  • March-22
    42
    42.5
    42
38 % Higher
62 % Lower

Registering for tilgang til
nyhetsbrev og ekstranett

Kun for NORWEAs medlemmer

Meld deg på idag!

Om Vindkraftnytt.no

Vindkraftnytt.no er en nyhetsside for kraftbransjen om onshore og offshore vindkraft, bølge, tidevann og strømninger. Nyhetene hentes fra utvalgte nasjonale, skandinaviske, europeiske og internasjonale medier, interesseorganisasjoner, myndigheter og kraftbransjen. Nyhetene spenner fra teknologi, prosjekter til økonomi, marked, rammevilkår og politikk. Les mer om Norwea her

NORWEA, Vind- Bølge-Tidevann
Wergelandsveien 23b,
0167 Oslo
post@norwea.no
Tlf. +47 47 34 93 48
© Copyright 2006 - 2012
All rights reserved.