Sogn Avis

7. november 2017 - 14:15

LO vil ikkje ha skatteendring

LO i Sogn og Fjordane seier nei til endringar i grunnlaget for eigedomsskatten på verk og bruk

Fylkeskonferansen til LO Sogn og Fjordane krev at eigedomsskatten på verk og bruk blir vidareført som i dag, der maskiner og kraftleidningar med tilhøyrande nettanlegg framleis inngår i skattegrunnlaget som i dag.

«Dette er viktig for å sikre det kommunale inntektsgrunnlaget og tenestetilbodet i kommunane», heiter dei i ei fråsegn frå LO.

- Fagleg tilrådd

I framlegget til statsbudsjett for 2018, føreslår den regjeringa å endra eigedomsskatten på verk og bruk ved at produksjonsutstyr og installasjonar blir halde utanfor skattegrunnlaget. Det vert dermed berre tomter og bygningar som kan skattleggast. Vidare førslår regjeringa å fjerne eigedomsskatten på kraftlinjer og tilhøyrande nettanlegg. Forslaget omfattar ikkje vasskraft- og vindkraftanlegg.

«Eigedomsskatt er ei skatteordning som blir fagleg tilrådd både nasjonalt og internasjonalt. Dette fordi skattegrunnlaget er stasjonært og ikkje let seg flytte. Eigedomsskatten er også eit viktig insentiv for tilrettelegging for det lokale næringslivet. Mange stader er eigedomsskatt ein avgjerande føresetnad for at kommunane skal gje samtykke og akseptere store utbyggingar som t.d. kraftlinje», skriv LO og peker på at eigedomsskatten kjem til frådrag i grunnlaget for den statlige selskapsskatten.

«Dersom eigedomsskatten til kommunane blir redusert, vil staten få auka sine skatteinntekter som tidlegare har gått til kommunane. Ved reduksjon eller bortfall av eigedomsskatten frå verk og bruk vil skatten kome staten til gode framfor vertskommunane».

50 milionar årleg

Forslaga vil få store negative økonomiske konsekvensar for mange kommunar. Dei ni kommunane i indre og midtre Sogn vil tapa over 50 millionar kroner årleg om regjeringa får det som dei vil og fjernar eigedomsskatt på kraftlinjer og produksjonsutstyr på verk og bruk.

«Alle norske kommunar med eigedomsskatt på kraftleidningar vil misse denne inntekta. Meir enn 100 kommunar som har store industriverksemder innanfor sine grenser vil også få redusert inntekta frå eigedomsskatten. Desse kommunane vil få eit samla tap på meir enn 1 milliard kroner», heiter det i fråsegna.

 

 

Tilbake

Relaterte nyheter:

15-11-2017 Energikoncerner kræver grønnere ambitioner
14-11-2017 EU approves Spain’s incentive scheme for renewables
13-11-2017 Strekker seg mot 15 TWh vindkraft
08-11-2017 Bransjen jubler over Venstre-forslag
08-11-2017 Sammen for opprusting av vannkraft
03-11-2017 Godtar ikke endring av eiendomsbeskatningen
03-11-2017 Ingen trussel mot norsk suverenitet
02-11-2017 – Vi har bedt om lov til å få betale eiendomsskatt
16-10-2017 Savner satsing på forskning for økt verdiskaping i havet
16-10-2017 Statsbudsjettet: Regjeringen prioriterer fortsatt ikke fornybarnæringen

RSS feed er for tiden ikke tilgjengelig fra leverandør

NVE

  • Product
    Bid
    Ask
    Last
  • Spot
    68
    71
    70
  • March-18
    68
    72
    70
  • March-19
    68
    72
    74
  • March-20
    60
    57
  • March-21
    44
    42
  • March-22
    44
    46
38 % Higher
62 % Lower

Registering for tilgang til
nyhetsbrev og ekstranett

Kun for NORWEAs medlemmer

Meld deg på idag!

Hva skjer?

Aktivitetskalender Klikk her

Om Vindkraftnytt.no

Vindkraftnytt.no er en nyhetsside for kraftbransjen om onshore og offshore vindkraft, bølge, tidevann og strømninger. Nyhetene hentes fra utvalgte nasjonale, skandinaviske, europeiske og internasjonale medier, interesseorganisasjoner, myndigheter og kraftbransjen. Nyhetene spenner fra teknologi, prosjekter til økonomi, marked, rammevilkår og politikk. Les mer om Norwea her

NORWEA, Vind- Bølge-Tidevann
Wergelandsveien 23b,
0167 Oslo
post@norwea.no
Tlf. +47 47 34 93 48
© Copyright 2006 - 2012
All rights reserved.